Den svartaste månaden

#nynov – nynorsknoveller, ein lidenskap hausten 2013, då eg til og med vann ein delkonkurranse i denne Twittertevlinga. Igjen ein lidenskap i vår etter at #nynov oppstod på ny på Twitter i februar, ikkje som tevling denne gongen, men som ein emneknagg for skriveglede og skapartrong. Kvar månad lanserast eit nytt emneord. I mai var ordet «eg». Den 1. mai skreiv Per Roger Sandvik (@SvevePer), ein av initiativtakarane bak #nynov, fylgjande i si Twitter-oppmoding om å delta: «Skriv mai grøn. (…) Teksten vert til medan du går!» For eigen del måtte eg ta i bruk ein langt mørkare palett denne mai månaden. Men ein ting fekk han rett i, Sandvik; teksten vart til medan eg gjekk. Medan livet levde meg.

***

Du kom til slutt. Er her.

Eg undrar: Kor lenge blir du?

Ei kjensle av noko forgjengeleg.

Som ein skugge før sola går ned.

#nynov, Twitter 02.05.15

***

eg søkjer til skogen

må ut dit

kor trea syg einsemda til seg

kor teppet av kvitveis

legg at ein flik av ljos i sjela

#nynov, Twitter 03.05.15

***

Gleda og smerta

kjærleiken sine to andlet

På pendelen mellom dei sit du

og eg

Klamrar oss fast

#nynov, Twitter 04.05.15

***

Så er handa di der

turkar tårene mine vekk

Ei eiga ro sildrar frå andedraga

ned i sårbare hjarterøter

Eg kviskrar dei finaste orda

#nynov, Twitter 09.05.15

***

Nett no

den store jordskjelven

sterke rørsler i sjela

isundrivne røter

Eg skal finne feste att

veit berre ikkje når

#nynov, Twitter 19.05.15

***

det kjem ingen tårer

ho ligg for djupt, denne sorga

kapsla inn på botnen av sjela

under det laget der tårer vert danna

#nynov, Twitter 23.05.15

(Nei, eg gløymde ikkje «eg». Ordet er der. Teksten er ordet.)

***

Eg spring

lèt føtene leike seg av stad

over mjuk skogbotn

Kvart steg som salve

på rifta i hjartet

#nynov, Twitter 25.05.15

***

I ruinane av Vi sit Eg og Du

rotar i glør etter svunnen kjærleik

finn grobotn for ei anna ømheit

Ynskjer einannan alt godt

#nynov, Twitter 29.05.15

***

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s