Den svartaste månaden

#nynov – nynorsknoveller, ein lidenskap hausten 2013, då eg til og med vann ein delkonkurranse i denne Twittertevlinga. Igjen ein lidenskap i vår etter at #nynov oppstod på ny på Twitter i februar, ikkje som tevling denne gongen, men som ein emneknagg for skriveglede og skapartrong. Kvar månad lanserast eit nytt emneord. I mai var ordet «eg». Den 1. mai skreiv Per Roger Sandvik (@SvevePer), ein av initiativtakarane bak #nynov, fylgjande i si Twitter-oppmoding om å delta: «Skriv mai grøn. (…) Teksten vert til medan du går!» For eigen del måtte eg ta i bruk ein langt mørkare palett denne mai månaden. Men ein ting fekk han rett i, Sandvik; teksten vart til medan eg gjekk. Medan livet levde meg.

***

Du kom til slutt. Er her.

Eg undrar: Kor lenge blir du?

Ei kjensle av noko forgjengeleg.

Som ein skugge før sola går ned.

#nynov, Twitter 02.05.15

***

eg søkjer til skogen

må ut dit

kor trea syg einsemda til seg

kor teppet av kvitveis

legg at ein flik av ljos i sjela

#nynov, Twitter 03.05.15

***

Gleda og smerta

kjærleiken sine to andlet

På pendelen mellom dei sit du

og eg

Klamrar oss fast

#nynov, Twitter 04.05.15

***

Så er handa di der

turkar tårene mine vekk

Ei eiga ro sildrar frå andedraga

ned i sårbare hjarterøter

Eg kviskrar dei finaste orda

#nynov, Twitter 09.05.15

***

Nett no

den store jordskjelven

sterke rørsler i sjela

isundrivne røter

Eg skal finne feste att

veit berre ikkje når

#nynov, Twitter 19.05.15

***

det kjem ingen tårer

ho ligg for djupt, denne sorga

kapsla inn på botnen av sjela

under det laget der tårer vert danna

#nynov, Twitter 23.05.15

(Nei, eg gløymde ikkje «eg». Ordet er der. Teksten er ordet.)

***

Eg spring

lèt føtene leike seg av stad

over mjuk skogbotn

Kvart steg som salve

på rifta i hjartet

#nynov, Twitter 25.05.15

***

I ruinane av Vi sit Eg og Du

rotar i glør etter svunnen kjærleik

finn grobotn for ei anna ømheit

Ynskjer einannan alt godt

#nynov, Twitter 29.05.15

***

Reklamer

Du og eg

Her er berre du

og eg

som enno ikkje veit

kva som bur i deg

som hevdar at du har

lengta etter meg

**

(publisert på Twitter 10.12.2013)

Stjerner og stillhet

En løpetur en stjerneklar november-kveld, på søken etter stillhet. Mer skulle det ikke til for å snekre sammen noen enkle linjer Twitter-poesi;

**

Ho fjerna seg frå trafikkstøy og gateljos

Søkte mot skogen

Mot det store svarte mørkeret

For å kunne sjå Karlsvogna

For å kunne høyre stilla

**

(publisert på Twitter 28.11.2013)

#nynov til endes

For en uke siden ble det satt sluttstrek for sjette og siste runde av #nynov – Twitter-konkurransen som ble arrangert i anledning Språkåret 2013. Jeg har omtalt #nynov i flere blogginnlegg tidligere, senest da jeg nettopp hadde fått vite at jeg var den heldige vinner av femte runde. Det var gøy, det! Og så fulgte det litt med på kjøpet; omtale på Forfatterforeningens hjemmeside for eksempel. Og å bli oversatt til engelsk! Disse tingene er det nok første og siste gang jeg får oppleve.

Men det er mye mer enn det å vinne femte runde som har vært morsomt med #nynov. Det har vært noe eget med det å få tildelt et emneord for så å kunne spinne fritt rundt dette. Jeg har elsket følelsen av ordene som kommer (i hodet), for så å stokke seg på en måte som gir mening, danner en fortelling, i beste fall likner på noe som kan kalles poesi. I sjette runde tok «produksjonen» virkelig av, og jeg skrev til sammen 22 bidrag. De følger nedenfor, i kronologisk rekkefølge. Tematisk utgjør de en salig blanding; jeg liker å tenke på dem som drops i en skål – røde, gule, oransje, grønne og hvite om hverandre (ingen dypere mening i det med fargene; bare en illustrasjon på «salig blanding»). Enkelte av «novellene» har et innhold med en spesiell mening for meg, andre er bare fri diktning. Noen er jeg ganske fornøyd med, mens andre nok egentlig ikke fortjente #nynov-deltakelse. Men uansett; det viktigste for meg har vært leken med ord – mer seriøst enn som så har det tross alt ikke vært.

Før jeg gjengir bidragene, må jeg få sagt en ting til: Det at bidragene måtte være på nynorsk, har vært en ekstra trigger. Og det har gitt mersmak; nå kommer jeg helt sikkert til å eksperimentere med nynorsk i dikt og Twitter-poesi også framover. Det har nesten blitt et mål – eller en drøm, om man vil – å kunne mestre sidemålet (som det er for meg) helt og fullt.

Mine #nynov-bidrag, 6. runde, emneord «ende» – i alle betydninger av ordet:

* Han byrja å gå utan tanke på når og kvar turen skulle ende. Han fann ho ikkje. Han går enno.

* Korleis gjekk det til at ho enda opp her, i ei skrivestove, i forfattarane si verd? Ei frydefull kjensle. Så, med eitt, vakna ho.

* – Sjå, sa han til guten. – Sjå på den strålande regnbogen. I den eine enden gull, i den andre enden grøne skogar. Valet er ditt, son.

* Siste fase. To kvitkledde englar har nett vore her. Dei eg kallar Lindring og Omsorg. Ho søv roleg no. Hennar hand i mi.

* Toget gjennom Østerdalen sundag kveld. Endelause mitraljøser av ord om livet i leiren. Og berre det. Takke meg til skravlekjerringar.

* Gong på gong har ho sete attmed senga på sjukeheimen. Snakka med ho som ikkje kunne svara med ord. Ho vil sakne samtalane deira.

* – Kor endar vegen? Han angra på at han slo fylgje med ho. – Endar? Ho lo høgt og skingrande. – Dette, din tosk, er ein labyrint!

* Eg såg deg i draumen, berre der er du å finna. Da draumen enda og natt blei til dag, drøymde eg vidare. Drøymde om draumen.

* Leitinga enda ved fossen. Der låg ho, på ei hylle attom det glitande dropesløret. Vakkert i all si gru. Regien sleppte ho aldri.

* Legen: «Eg skriv ikkje ut medikament for å dempe slike abstinensar.» Kva skal eg då gjere, når sluttstrek vert sett for #nynov-tevlinga?

* Han rodde til enden av vatnet, sprang forbi bjørkene, opp på fjellet. Utsynet, vinden, fjellvåken. Verdt kvart åretak, kvart skritt.

* – Eg skal ha undertøy til kona. – Kor stor byste har ho? Den eldre mannen lyste opp; – Den er akkurat passe. Det er enden hennar òg.

* Han skimta ho so vidt, i uvêret og mørkeret. – Kva vil du meg? ropa ho. – Ha deg med heim! I eit inferno av lyn og latter enda alt.

* Alle desse eksistensielle spørsmåla, tenkte han. – Om liv og død og verda sin undergang. Kor har dei teke meg? Kor skal det enda?

* – Kva vil du? ropa ho. Han var desperat no; – Halda deg inntil meg, elska… Igjen løyste ho seg opp i skodda, enda som ein illusjon.

* Dei sat ved kvar sin bordende og åt, tause. Draumane som lyfte fram orda tok slutt for fleire år sidan. Åleine einsemda delte dei no.

* Dei sto der land møter hav møter himmel. – Løyndomen min. Ho skoda utover. Han såg på ho, nikka. – Roa si vogge. Smerta sin ende.

* Den tomme senga attmed han. Angen av ho enno i rommet, blandar seg med fråværet av varmen frå kroppen hennar. Ei natt utan ende.

* I eitt sekund hadde dei augekontakt. – Eg håpar dette endar godt, tenkte han. I det same opna fallskjermen seg. Hennar fallskjerm.

* Du er sliten no. Kulda har innteke gata, portrommet, staden der du søv. Praten endar, du går. Hjartet mitt dunkar; avmakta sin rytme.

* – Kva når du kjem på at eg var alt du hadde? Han hadde nådd enden av gardsvegen, høyrde ikkje kviskringa hennar. Men sansa tomleiken.

* Dei finaste bileta er dei som ein målar med ord, tenkte ho i det ho sette sitt endelege punktum for #nynov-kapittelet.

Jeg vant!

Stemmen i telefonen: – Er det du som er @grammany på Twitter?

Jeg, litt nølende: – Ja.

En kjapp tanke gjennom hodet: Jeg har da vel ikke tvitret noe jeg ikke burde ha tvitret?

Stemmen i telefonen: – Du har vunnet den femte runden av #nynov!

Derfra og ut har denne ettermiddagen vært en eneste lykkerus. Vunnet den femte runden av #nynov? Jeg? Bidragene til denne #nynov-runden talte totalt 428. Av dem var 14 mine. Hele 414 var ikke mine. Og så vant jeg? Jeg som «børstet støvet» av nynorsken min så sent som i september, da jeg for alvor oppdaget #nynov og kastet meg inn i den fjerde runden. Jeg som har lest flere perler av noen bidrag på Twitter, innsendt av andre. Skulle jeg vinne?

Men så er det altså slik. Og jeg er bare så enormt glad! For jeg elsker å skrive, leke med ordene, dikte, få opplevelser ned på papiret (=mac’en). For meg er #nynov en skattekiste – som jeg selv får lov til å være med på å skape. Ordene, formuleringene, det nynorske språket med den vakre klangen og den fine rytmen. Denne konkurransen betyr virkelig noe for meg; den appellerer til kreativitet, følelser, skrivelyst. Derfor er den så dyp og inderlig, denne gleden over å ha vunnet den femte av seks #nynov-runder.

Det er rart å tenke på at jeg så sent som i går kveld skrev blogginnlegg om #nynov. Der jeg gjenga alle novellene mine fra femte runde. Vinnerbidraget er faktisk det aller første jeg skrev i denne runden;

Vinden bles friskt på havet den dagen han forsvann. Likevel finn ho trøyst i vinden. I den er pusten hans gøymd, kjærteikna òg.

Den eneste triste fliken av meg nå, er den som skulle ønske at faren min hadde fått oppleve dette. Faren min – norsklæreren (blant mange andre funksjoner gjennom et langt liv i videregående skole), han som var så opptatt av språket, han som alltid så gjennom og «rettet» norskstilene mine før jeg leverte dem, han som mer enn noen annen vekket min språkinteresse. Han skulle ha visst. Han ville ha blitt stolt…

Resten av meg bare jubler! Og sender en stor og varm takk til dommerpanelet i #nynov!